Geografien splitta fellesnemnda

Selje – Eid 6–4

Dei hadde ikkje klart å bli samde, kontrollutvala i Eid og Selje, og det låg føre to saksutgreiingar og to tilrådingar som gjaldt val av sekretariat for kontrollutval i Stad kommune.

DELT: Uavhengig av partitilhøyrigheit. Eidarane argumenterte for Sekom, medan Selje heldt hardt på Vest kontroll som sekretariat for Kontrollutvalet for Stad kommune. 

Nyhende

Eid er i dag tilknytt Sekom som har hovudkontor i Førde, medan Selje er tilknytt Vest kontroll (med tyngdepunkt på Søre Sunnmøre). Det hadde blitt gjennomført to utgreiingar frå to ulike selskap som enda opp med ulik konklusjon.