Ja til vidare utgreiing om felles hamneselskap

Fellesnemnda for Eid og Selje gjekk samrøystes inn for å vere med vidare i prosessen for å greie ut ei samanslåing av hamneselskapa i regionen.

Frp-politikarane Anfinn Sjåstad og Lars-Svein Drabløs tek til orde for å tenkje stort og ikkje la seg avgrense av fylkesgrenser.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Fellesnemnda legg til grunn at samanslåing er aktuelt tidlegast i 2021, og at det dermed vil vere opp til det nye kommunestyret i Stad å ta endeleg stilling til saka i 2020.