Historisk drama i storslått Vestlandsnatur

Denne helga har det handla mest om Stadlandet. Laurdag og søndag vart Dragseidspelet framført for 13 gong. Måndag, andre pinsedag, var det Stadlandet Rett Vest.

I storslått natur: Laurdag var naturen snill mot skodespelarar og publikum, som hadde tatt turen for å få med seg den 13. framsyninga av Drageidspelet «På Sverdeggja». Den vidgjetne havtåka var fråverande. Sol, nesten ikkje vind og ein behageleg temperatur. Men vêret skiftar fort lengst ute på kysten. Skodespelarane var knapt ferdige på scena då vinden auka på og dei første regndropane kom. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dragseidspelet «På Sverdeggja» tek oss tilbake til år 997, då Kong Olav Tryggvasson gjorde det han kunne for å få folket til å vende seg til «Kvite Krist». Kor vanskeleg dett var for mange er ein del av det historiske spelet som 13 gonger har blitt spelt på Dragseide på Stadlandet. Dramaet er ført i pennen av Rolf Losnegård, i samband med 1000-årsmarkeringa for kristninga av Norge i 1997. Under årets framsyning var forfattaren, dramatikaren og instruktøren frå Holmedal sjølv med i På Sverdeggja i rolla som Atle frå Stårheim. Det kan og leggast til at Losnegård, som har mange historiske spel på samvitet, ved fleire høve har vore regissør for Dragseidspelet.