Handverk og kystgeit i fokus på marknaden

Før i tida var marknad utstilling av dyr og sal av handverk og andre nyttige ting. Nesten slik var det på marknaden på Leikanger i helga.

Kystgeita: Leiar i Kystgeitlaget Ada Elise Håberg og kollega Mirjam Friberg kallar seg gjerne «Fjellgartnarar». – Vi som driv med kystgeit har to ting i tankane. Både det geita gir av inntekt og at desse dyra er veldig viktige for å halde kulturlandskapet i hevd, seier dei to damene. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

På årets marknad på Leikanger var dominans av damer overveldande. Ikkje eit einaste mannebein hadde rigga seg til med stand i det store partyteltet i sentrum av bygda. Damene som var på plass for å selje det dei anten har som hobby, eller som levebrød, konsentrerte seg stort sett fullt og heil om handverksarbeid og produkt frå dyr. Spesielt kystgeita hadde fått ein heilt sentral plass på marknaden.