Tøffe forhold under Stadlandet Rett Vest

– Vêrgudane var absolutt ikkje på lag med oss, og det vart vått og gjørmete i løypene, seier Lars-Helge Honningsvåg i arrangørklubben Stadlandet IL.

Utfordrande: Årets Stadlandet Rett Vest hadde ikkje vêrgudane på si side, men det var ingenting å seie på humøret til deltakarane. Her ein blid damegjeng som stilte i mosjonistklassa. alle foto: Stadlandet IL 

Flott natur: Stadlandet Rett Vest strekkjer seg over flott natur, og i år var det 271 deltakarar med. 

Små og store: Både små og store deltok på Stadlandet Rett Vest. Her med f.h. Kai Arne Otneim, sonen Sebastian og Elling Otneim. 

Ponniekspressen: Desse jentene hadde med seg ponniane på løp. 

Kommunalt: Seljerådmann Kristone Dahl og Eidordførar Alfred Bjørlo deltok. 

Skiløparar: Magnus Skeide Bakke og Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid IL på pallen i klasse 3. 

Raskast: Kristoffer Haugen gjorde eit kjempeløp og var raskast av alle, her på pallen saman med Kristian Nilsen Sandnes, og Sigve Fredrik Høydahl frå Bærums Verk. 

Tøffe forhold: Inge Asbjørn Haugen frå Eid/Hornindal syntest det ar tøffe forhold. Her er han på pallen saman med Jarle Sandbakk frå Ørsta. 

Nyhende

Kristoffer Haugen frå Monkehåjen tok bestetid på 1.00.48.4 i herreklassa.

Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy tok bestetid av damene på 1.15.19.3 – berre tre minutt bak løyperekorden for damene.

– Nedstigningane var relativt utfordrande med gjørme, fortel Honningsvåg. Totalt 271 deltok på Stadlandet Rett Vest, og rekordmange 89 i konkurranse. Honningsvåg trur ein kunne hatt med 150 fleire om vêret hadde vore annleis.