Perspektivmelding for Vestlandet

Potensial for utvikling og vekst

Torsdag vart den aller fyrste perspektivmeldinga for Vestlandet presentert på eit møte på Nordfjord Hotell.

Rådslag: Saman med fire næringsorganisasjonar i Nordfjord inviterte Sparebanken Vest til ope møte om Vestlandsmeldinga. – Det vil vere eit stort potensiale for vekst på Vestlandet, som kan bli verdas viktigaste havområde, sa Sigurd Grytten , partnar i Zync, og ansvarleg for utforminga av meldinga. frå Sparebanken Vest. Alle foto Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Vestlandsmeldinga er laga av analyseselskapa Zynk, PwC og SenseNet på oppdrag frå Sparebanken Vest. Målet med Vestlandsmeldinga er å få fram kva potensial som finst landsdelen, og kva som skal til for å realisere dette potensialet i framtida. Meldinga peiker på eit enormt potensial for utvikling og vekst på Vestlandet i åra framover. Mellom anna innanfor berekraftig energi, miljøteknologi, reiseliv, marine og maritime næringar.