Selje formannskap støttar utbygging i Honningsvåg

Nektar å gi etter

Selje formannskap er krystallklare. Dei nektar å gi etter for Fylkesmannen, og ønskjer i staden at eit ungt par skal få byggje hus i Honningsvåg på Stadlandet.

Honningsvåg, Stadlandet: Her i indre Honningsvåg ønskjer lokalpolitikarane i Selje at eit ungt par skal få byggje seg hus. Fylkesmannen protesterer, men Selje formannskap nektar å gi etter. Dei meiner jordvern og strandsonevern må vike i denne saka.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi beheld vårt tidlegare vedtak og forsterkar det. Vi meiner jordvern og strandsonevern må vike i denne saka. Om vi skal legge til rette for utvikling og vekst er dei nøydde til å vike. Dette er eit av verktøya vi har for å skape folketalsvekst, og så får vi vere meir restriktive til fritidsbustadar, fastslår ordførar Stein Robert Osdal.