Multileikeapparat – dugnad må til

I Eid ungdomsråd på tysdag drøfta dei blant anna multileikeapparat ved barneskulen på Nordfjordeid.

Eid ungdomsråd: Dei som var til stades var f.v. Tor Andre Myrstad, Steffen Sørland, Edel Johansen (leia møtet), Daniel Navelsaker og Eskil Heggen Starheim.   Foto: Eivind Jensen Årøen

Nyhende

Saka gjeld om apparatet skal prioriterast no og korleis det då skal finansierast. Prisen for tiltaket er anslått å komme på 700.000 kroner. Spørsmålet er om ein skal lånefinansiere eit sånt leikeapparat som eit hastetiltak utanfor investeringsplanen eller om ein skal ha ein heilskapleg plan der ein kan bruke både spelemidlar og dugnad.