No kjem Fjordane Virtuelle Campus

Fekk 11,65 millonar på tre dagar

Fjordane Virtuelle Campus (FVC) har dei siste dagane nådd tre milepælar som gjer det mogeleg å realisere planane om desentraliserte studie innan høgare utdanning på Nordfjordeid.

Stor gåve: Under rådslag om Vestlandet fekk Fjordane Virtuell Campus overrekt ein sjekk på 1.650.000 kroner frå Sparebanken Vekst sitt overskotsfond. Frå venstre: Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden i banken, Arild Sandvoll, regiondirektør Bedriftsmarknad Sogn og Fjordane, Hans Inge Solheim, Normatic, og Trond Haavik. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Vest går inn med finansiell støtte til etableringa av Fjordane Virtuelle Campus, med høvesvis åtte og 1,65 millionar kroner. I tillegg vart det torsdag kveld annonsert at FVC får ei løyving frå Stortinget i Revidert Nasjonalbudsjett på to millionar kroner til vidareutvikling av klyngesatsinga. Alt dette kjem i tillegg til det bedriftene går inn med eigenkapital.