Første valdebatt

Onsdag 12. juni blir det valdebatt i kommunestyresalen på Eid Rådhus.

Tillitsvalde i komande Stad kommune inviterer til årets første valdebatt den 12. juni. Biletet er frå eit tidlagere møte i partssamansett utval.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Onsdag 12. juni inviterer fagforeiningane i Stad kommune til valdebatt i kommunestyresalen på Eid rådhus. I framkant av møtet har dei tilsette sine organisasjonar sendt ut ei rekkje spørsmål til dei politiske partia. Spørsmåla handlar i stor grad om utfordringane den nye kommunen står framføre, og korleis dei politiske partia ønskjer å prioritere.