Djupvik sluttar i Nordfjordrådet

Roger Aa Djupvik gir seg som dagleg leiar i Nordfjordrådet. Han er tilsett som dagleg leiar i Gloppen Næringsorganisasjon.

Ny jobb: Roger Aa Djupvik gir seg som dagleg leiar i Nordfjordrådet.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Djupvik vart tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet i 100 prosent stilling i fjor. Gloppen Næringsorganisasjon (GN) har no tilsett Roger Aa Djupvik som dagleg leiar i 30 prosent stilling. Ifølgje Firda Tidend skal Djupvik i tillegg jobbe i 70 prosent i Melin-konsernet. Her blir den tidlegare idrettsutøvaren Melin-konsernet sin bransjeekspert innan trening og prosjektleiar for eit årleg seminar.

Det var Svein Ottar Sandal som opplyste om Djupvik sitt skifte av arbeidsgjevar på rådslag om Vestland torsdag i førre veke.