Trollenykjen:

Turgåar skadd – henta av ambulansehelikopter

Ambulansehelikopter frå Norsk Luftambulanse (Helse Førde) måtte søndag ettermiddag hente ned ein turgåar frå området nedanfor Trollenykjen.

Ein turgåar fall og skada seg då han var på tur ned frå Trollenykjen. Vedkomande melde sjølv frå og vart raskt henta med ambulansehelikoter frå Norsk Luftambulanse.   Foto: Runar Olsen

Nyhende

Etter det Fjordabladet får opplyst frå folk som var i området, skal vedkomande ha falle og skade seg i beinet og såleis ikkje vore i stand til å ta seg ned frå fjellområdet ved eiga hjelp. Vedkomande skal sjølv ha ringt etter hjelp.

–Vi kom gåande og såg at vedkomande låg ved sida av stien. Det såg eigentleg ut som om han hadde tatt ein kvilepause, men då vi tok kontakt fekk vi opplyst at vedkomande hadde falle og skada seg. Ambulansehelikoteret kom rimeleg raskt på plass og landa på ei fjellhylle like ved der den skadde låg. Heile operasjonen gjekk veldig greitt og var rimeleg udramatisk, seier Runar Olsen til Fjordabladet.