Stor glede då den nye sandkassa vart opna

Onsdag samla store og små seg på Nordfjordeid skule under opninga av den nye sandkassa.

Ny sandkasse: Stårheim bygg og Nordfjord betong har utført dugnadsarbeid, og no står den nye sandkassa som har fått mur slik at sanden ikkje skal renne vekk, ved Nordfjordeid skule klar til bruk.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

På Nordfjordeid skule ved området til førsteklassingane og SFO, har det skjedd eit stort dugnadsarbeid. Stårheim bygg og Nordfjord betong har støypt ein kant rundt sandområdet slik at sanden ikkje skal regna vekk. I tillegg har sandkassa fått meir sand og det er kjøpt inn nye leikar. Onsdag var det klart for den offisielle opninga av sandkassa under SFO sin sommarfest, til stor glede for både store og små på Nordfjordeid skule.