Eid får 250.000 kroner til elsyklar

Eid kommune har fått tildelt 250.000 kroner frå Miljødirektoraret til innkjøp av elsyklar og og elektriske lastesyklar.

– No kan vi som ein av dei fyrste kommunane i landet låne ut elsyklar gratis slik at folk kan prøve dette ut, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V). Frå venstre: Alfred Bjørlo (ordførar), Elin Leikanger (Kommunalsjef) og Anne Grete Eikås (rektor Nordfjordeid skule).   Foto: Eid kommune

Nyhende

Syklane er meint å bli lånt ut gratis til folk i Eid, for å få fleire til å sykle i staden for å bruke bil i kvardagen.

–Sykling er bra for helsa, for miljøet og gir ein trivelegare kvardag for både store og små. Med elektriske syklar kan endå fleire nytte sykkel til kvardags. No kan vi som ein av dei fyrste kommunane i landet låne ut elsyklar gratis slik at folk kan prøve dette ut, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (Venstre) i ei pressemelding.. 

Eid kommune etablerte i 2017 utstyrslageret BUA, der alle gratis kan låne syklar og mykje anna utstyr til sport og friluftsliv. BUA vert til dagleg styrt av LA‐senteret (dagtilbod for funksjonshemma), i samarbeid med sosialhjelpsmottakarar med aktivitetsplikt. På kveld/helg syter frivillige for utvida opningstider.

BUA har allereie etablert eit elektronisk bookingsystem der ein kan låne sports- og fritidsutstyr for ei veke om gangen. No kan dette tilbodet bli utvida med 10 elsyklar og to elektriske lastesyklar.

Målsetjinga er at utlånet på sikt skal føre til at fleire på sikt vil anskaffe sykkel/sparkesykkel og nytte dette i kvardagen. Nordfjordeid har eit kompakt sentrum, med over 3000 innbyggjarar innanfor ein radius på 3 km. Utfordringa er høgdeskilnaden på ca 170 m, som gjer at mange kvir seg for å sykle til/frå jobb. Elsykkel er difor spesielt godt eigna på Nordfjordeid for å gjere det lettare å parkere bilen.