Nedbør og kulde

Slik var vêret i mai

Mai var ein kald og våt månad rundt om i landet. For kommunane i Sogn og Fjordane og Nordfjord var det ikkje noko unntak.

Mai var ein svært våt og kald månad for mange stadar rundt om i Norge. Stadane rundt om i Nordfjord var også svært kalde og våte. Stryn var blant stadane med kaldast temperatur med -2,4 grader men også høgast nedbør prosent av normalen på 212. Stadlandet hadde i mai blant den høgste døgnnedbøren i Nordfjord med 40,5  Foto: Meteorologisk institutt

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding frå Meteorologisk institutt var mai månad kjøligare enn april mange stadar rundt om i landet. Månadstemperaturen for heile landet låg på 0,3 grader under normalen. Kaldast var det på Vestlandet, Trøndelag, nordlege område Austafjells og i fjellet i Sør-Norge med avvik frå 1 til 2 grader under normalen.