Rita går nye vegar med gris, grønt og keramikk

På den 112 mål store garden sin i Borgundvåg og Tungevågen livnærer Rita Borgundvåg seg både av litt jordbruk, edelgris, kystgeiter og som kunstnar.

TRIVELEGE OG KJÆLNE: Han heiter Burmann og ho Møvrå. Dei veg om lag 20 kilo, er to månader gamle og kom til gards for kort tid sidan. Dei kan sjå fram til eit godt liv i Borgundvåg, iallfall i nokre månader.  

Nyhende

Rita fortel at ho har god hjelp av sonen Ben Johan Borgundvåg som er student ved NTNU i Ålesund. Dei baserer seg mykje på sjølvforsyning både av kjøt, fisk og grønt.