Mange matematikkoppgåver er blitt løyst på Fjordane folkehøgskule

25 år med Sophus Lie

Måndag 10. juni startar årets sommarkurs i matematikk ved Fjordane folkehøgskule. Eit kurs som rundar 25 år med Sophus Lie matematikkurs på Nordfjordeid.

mykje matematikk: Gjennom snart 25 somrar og over 40 matematikkurs har det høgst truleg vore sveitta over ganske mange matematiske flokar på Fjordane folkehøgskule. No er det igjen sommar og på måndag kjem eit nytt kull med lærelystne unge matematikkstudentar til Eid.  

Nyhende

Sophus Lie sommarkurs i matematikk rundar i år 25 år på Fjordane folkehøgskule. Oppstarten var sommaren 1995, og sidan då har det vore halde 41 kurs. Det har med andre ord vore sveitta over matematikkoppgåvene gjennom 25 somrar på Fjordane folkehøgskule. Og sikkert også vore løyst opp i ganske mange matematiske flokar.