Gjekk på Eids gymnas frå 1967 til 1969

Var russ for 50 år sidan

103 elevar frå heile landet kom til Eids gymnas hausten 1967. Femti år etter russetida var 45 av dei samla til jubileum på Nordfjordeid i helga.

Blei samansveisa: Ungdom frå heile landet møttest på Nordfjordeid for å gå på toårig gymnas. Dei som kom hit for 50 år sidan minnast ei fin skuletid med godt samhald i skuletida og på fritida. Ved sidan av pugging på hybelen var det kino ein dag i veka og fest i Valhall nokre laurdagar.  Foto: Inger Træen

Nyhende

– Tenk deg at det kom ungdom frå heile landet for å gå toårig gymnas her på Eid. Nær 75 prosent budde på hybel, og det blei ei skuletid og eit samhald som eg minnest med glede, seier Marit Sjåstad Sand frå Sjøholt. Ho var ei av 103 elevar som var eidaruss i 1969. Femti år etter at dei avslutta gymnas, var 45 av dei samla til jubileum på Eid i helga. På programmet stod samling på Magnifikk fredag kveld, besøk på Sagastad laurdag, mimring med bildeshow, og tur til Hoven/Loen på søndag. Og ein tur til Vestkapp.