Samla fylkesting bak nytt fylkesvåpen

Fylkesvåpenet for nye Vestland fylke vart samrøystes vedtatt av fylkestinget i Sogn og Fjordane 4. juni. Symbolet viser eit fjordlandskap i blått og sølv.

Eit nøgd fylkesutval samla seg bak det nye fylkesvåpenet då fylkestinget samrøystes vedtok framlegget 4. juni.   Foto: Runar Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyhende

Framlegget til fylkesvåpenet kom frå fellesnemnda for Vestland fylkeskommune, og skal også handsamast i fylkestinget i Hordaland 12.–13. juni før avgjerda blir endeleg.

Symbolsterkt

–Dette er eit symbolsterkt fylkesvåpen med motiv frå fjord og fjell, eg tykkjer det er flott, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding og viser til at fylkesvåpenet er samlande.

–Det er eit nytt steg mot ein samlande Vestlandsidentitet, eit symbol vi vil vere stolte av å seie er vårt.

Open prosess

Etter ein open innspelsfase i dei to fylka og ein designkonkurranse, tilrådde fagkomiteen eit motiv med natur og landskap. Motivet som gjekk mest att blant innspela frå innbyggarane var også fjord og fjell. Til grunn ligg det og at alle våpen etter den heraldiske tradisjonen skal bruke ein farge, eitt motiv og eitt metall. Etter fleire framlegg til fellesnemnda for Vestland i mars 2019, valde dei blått og sølv til fjordlandskapet i det nye fylkesvåpenet.

Mange godord

Mange var begeistra for det nye fylkesvåpenet og fargane som er valt, medan nokre sakna motiv frå Gulatinget, eller hadde ikkje attkjenning til noko fjell eller fjord i det nye motivet. Uansett vart framlegget samrøystes vedtatt.

–Symbolet vekker engasjement og kjensler, og det er bra, sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap). – Det har vore ein brei og inkluderande prosess, og det finst vel ikkje noko meir historisk enn fjordane og fjella våre.

No står handsaming i fylkestinget i Hordaland att før framlegget blir endeleg.