Løyvde åtte millionar til Fjordane Virtuell Campus

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok på sitt siste møte å støtte Virtuell Campus Nordfjord med åtte millionar kroner.

har kjempa: Marita Aarvik har stått på for at Fylkestinget skulle støtte Fjordane Virtuell Campus. Foto: Privat 

Nyhende

Då søknaden frå Fjordane Virtuell Campus var oppe i det fylkeskommunale hovudutvalet for Næring og Kultur, så vart det vedteke ei støtte til prosjektet på tre millionar kroner. Fjordane Virtuell Campus hadde ein søknad inne på åtte millionar. Då Fylkestinget hadde føre saka under behandlinga av tertialrapport 1 2019 (tilsvarande budsjettjustering red. merk) valde eit samla Fylkesting å i imøtekome søknaden frå Fjordane Virtuell Campus med åtte millionar kroner.