Inviterer fleire om bord

AIDAperla kjem til Nordfjordeid fleire gongar i løpet av sommaren. No kan 30 innbyggjarar vere med om bord ved kvart anløp.

AIDAperla: Når AIDAperla kjem til bygda, kan 30 lokale få vere med om bord.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Då AIDAperla var det første cruiseskipet til Nordfjordeid i mai, fekk rundt 25 personar frå lokalbefolkninga tilbod om å vere med om bord i skipet. No inviterer AIDAperla og Seawalk Nordfjord på ny 30 lokale innbyggjarar til omvising om bord i AIDAperla ved kvart anløp i år: 12. juni, 3. juli, 24. juli, 14. august og 25. september.

Første 30

Dei 30 første som meld seg på, er dei som får plass og får dermed vere med om bord i skipet for omvising. Det er med andre ord førstemann til mølla. Men for alle som meld seg på må ha gyldig pass, ettersom passet også må vere med om bord i skipet.

Kjem åtte gongar

I løpet av sommaren skal AIDA besøke Nordfjordeid åtte gongar med to av dei nyaste cruiseskipa: AIDAperla og AIDAprima. Neste år aukar Carnival til elleve anløp og tre ulike skip frå to ulike reiarlag, kjem det fram i ei pressemelding.