Bil avskilta i storkontroll på Nordfjordeid

Ikkje alle hadde alt på stell då Statens vegvesen hadde storkontroll på Nordfjordeid fredag.
Nyhende

Eit køyretøy vart avskilta for manglande periodisk kontroll. Sju køyretøy fekk mangellapp for tekniske manglar. To førarar fekk gebyr for manglande dokument, medan to bilar vart tildelt bruksforbod på grunn av film på sideruter og umerka utstikkande gods.

Til saman var 595 køyretøy innom kontrollplassen, 34 av dei vart kontrollerte.