Vurderer fjordvarme også i Selje

Fjordvarme har vore i drift 15 år på Nordfjordeid. Frå 1. januar 2020 blir Eid og Selje til Stad kommune, og ein vil sjå på mogelegheitene for fjordvarme også i Selje.
Nyhende

Svein Otto Melheim frå Eid Industrihus skal vere prosjektleiar og orienterte i dag Partssamansett utval for Eid og Selje om at Fjordvarme AS får i oppdrag å gjere ein forstudie på fjordvarmeanlegg i Selje. Ein vil sjå på mogelegheitene for å etablere fjordvarme tre stadar i dagens Selje, på Flatraket, i Selje sentrum med randsone og på Leikanger på nordsida.

Prosjektet gjeld ikkje berre fjordvarme, men skal sjåast i samanheng med infrastruktur som gangveg, breiband, vatn avløp og sentrumsutvikling generelt.  

Selje-rådmann Kristine Dahl supplerte med at ein vil sjå prosjektet i samanheng med andre planar som det vert jobba med, mellom anna plan for sjøområda.