Fylkesmannen protesterer

Vil ikkje tillate bygging

Fylkesmannen protesterer og vil ikkje tillate bygging i strandsona i Honningsvåg på Stadlandet. Rådmannen i Selje er samd om dette, medan lokalpolitikarar meiner dette er tøvete.

Honningsvåg: Fylkesmannen meiner eit ungt par ikkje kan byggje i strandsona i Honningsvåg. Rådmannen er einig, medan lokalpolitikarar protesterer. 

Nyhende

– Eg vert rasande! Når ein no fekk ny tunnel til Honningsvåg håpte ein på tilflytting, og når det er nokon som vil flytte dit og byggje, så skal dei ikkje få lov. Dette er totalt øydeleggjande for bygdene, seier ei oppgitt Marita Aarvik (Frp).