Alarm om at fiskar skulle ha falle i Eidselva

Utløyste stor leiteaksjon

Rett før klokka 20:30 onsdag kveld gjekk alarmen hos alle naudetatar. Ein laksefiskar skulle ha falle i Eidselva, og ein stor redningsaksjon vart sett i verk.

Frå lufta: Då alarmen gjekk klokka 20:30 onsdag kveld vart det sett i verk ein stor og omfattande leite- og redningsaksjon i og rundt Eidselva. Redningshelikopter frå basen i Florø var raskt på plass, og gjorde omfattande søk frå lufta, utan at det vart gjort funn. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Kva som utløyste alarmen er ein smule uklart, men etter det Fjordabladet erfarer skal det ha vore to barn som skal ha sett ein laksefiskar ramle i elva.