Fjordane Virtuell Campus på statsbudsjettet

Stortinget løyver to millionar kroner i revidert Nasjonalbudsjett til nysatsinga Fjordane Virituelle Campus på Eid.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo, Abid Raja, Venstre sin finanspolitiske talsmann, og Helle Frogner i Stad Venstre.  Foto: Privat

Nyhende

Løyvinga kjem på plass etter framlegg frå Venstre i Finanskomiteen, med støtte frå dei andre regjeringspartia.

– Dersom vi skal ha vekst og utvikling over heile landet, må vi klare å knytte utdanning, næringsliv og forsking tettare saman også ute i Distrikts-Norge og gi fleire moglegheit til etter- og vidareutdanning lokalt. Fjordane Virituelle Campus er eit strålande eksempel på korleis dette kan gjerast. Eg er glad for at Venstre og dei andre regjeringspartia no er med å gi draghjelp til å starte opp Fjordane Virituelle Campus, seier Venstre sin finanspolitiske talsmann Abid Raja.

– Dette er eit gjennombrot. Då har vi Staten med oss, konstaterer ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

- Dette er midt i blinken i korleis ein ønskjer at høgskuletilbodet skal flytte seg ut i distrikta. Det har vore eit behov for økonomistimuli til denne type satsing, og det er viktig at ein no har fått på plass løyvingar både frå Fylkestinget på åtte millionar kroner og no desse to millionane over revidert nasjonalbudsjett, seier Bjørlo.

Felles arena

Målet med Fjordane Virituelle Campus er å skape ein felles arena for forsking, utvikling og etter- og vidareutdanning for det store elektro- og automasjonsmiljøet i Nordfjord. Dette skal ein mellom anna gjere ved å byggje opp lab-fasilitetar og starte opp desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod lokalisert i Nordfjord.

Eit av måla er å skape 100 nye arbeidsplassar i bedriftsmiljøet, og å gi ungdom utdanningstilbod lokalt som får fleire til å busetje seg i Nordfjord.

- Blir lagt merke til

Abid Raja fekk presentert Fjordane Virituelle Campus på eit besøk i Nordfjord nyleg, med Eid-ordførar Bjørlo som vert. Prosjektet har dei siste månadane også blitt presentert for Kommunal- og regionalminister Monica Mæland, Statsminister Erna Solberg og Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

- Dette er eit av dei mest spennande prosjekta eg har vore bort i, med eit enormt potensiale for vekst og verdiskaping, seier Bjørlo. Han vil berømme bedriftene i elektro- og automasjonsmiljøet på Nordfjordeid for å ha starta denne satinga.

- Å etablere Fjordane Virituelle Campus passar som hand i hanske inn i den rivande utviklinga som no elles skjer i Eid og i Nordfjord innanfor næringslivet. At Stortinget no også kjem på banen og bidreg, syner at det som skjer i Eid blir lagt merke til nasjonalt, seier ordføraren.