Redningsaksjonen trappa ned

–Vi har vore i kontakt med alle som vi har fått opplyst at har fiska i elva. Alle er gjort greie for. Vi har heller ikkje fått melding om at nokon er sakna, difor blir no redningsaksjonen trappa ned.

Redningshelikopter frå basen i Florø var raskt på plass, og gjorde omfattande søk frå lufta, utan resultat.   Foto: Tormod Flatebø

Alt som kunne krype og gå av naudetatar var på plass, etter at det i åttetida onsdag kveld vart meldt at ein fiskar truleg hadde falle i elva. Det skal vere nokre born som observerte vedkomande.   Foto: Tormod Flatebø

Redningsdykkarar frå Måløy søkte nedover elva mot elvemunningen.   Foto: Tormod Flatebø

Det vart gjort grundige søk lang land på heile den aktuelle strekninga i elva.   Foto: Tormod Flatebø

Røde Korps var på plass i elva og gjorde søk.   Foto: Tormod Flatebø

Ambulansehelikopter frå Helse Førde var først i lufta, men returnerte til sin base då Siper Pumaen frå Redningstenesta kom.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Tor Egedahl, politiet sin innsatsleiar under leiteaksjonen i Eidselva.

Det var rett etter klokka åtte onsdag kveld at alarmen gjekk. Etter det Fjordabladet får opplyst var det to barn som skal ha sett ein laksefiskar som ramla i elva, og som utløyste alarmen.

–Eg kan ikkje stadfesta sikkert kven som såg kva, og som utløyste alarmen. Vi fekk melding over nettet at ein fiskar hadde gått i vatnet. Det har heile tida vore litt uklart om det faktisk hadde vore nokon i elva. Men når alarmen går stiller alle etatar, helse, brann, redningsdykkarar, redningshelikopter frå Florø og politi opp. Alle er her, og det viser at varslingsrutinane fungerer, seier Egedahl.

Ingen sakna

–Vi har heller ikkje fått melding om at nokon er sakna. Lokalbefolkninga har nok fått med seg den enorm store aktiviteten som har vore i og rundt elva. Ut frå det vil det vere naturleg å melde frå om nokon ikkje hadde kome til rette. Som sagt slik melding har vi ikkje fått. Vi har vore i kontakt med alle som vi har fått opplyst at har fiska i elva, og alle er gjort greie for. Og som sagt har vi heller ikkje fått melding om at nokon er sakna, difor blir no redningsaksjonen trappa ned. I og med at det har vore leita parallelt både langs elevbreidda, vi har hatt dykkarar i vatnet, båtar på elva og helikoter som har søkt frå lufta. Når vi no ikkje har funne nokon, kan vi truleg med stor sikkerheit slå fast at ingen har vore i elva, seier politimann Tor Egedahl til Fjordabladet, som følgde redningsaksjonen frå starten av.