Pinsevêret blir stort sett vått og varmt

Meteorologane kan ikkje love noko fint pinsevêr i år. Rett nok skal det bli ganske varmt, men både kraftige regnbyer og torevêr sørger for ein fuktig vêrtype.

Fram mot pinsehelga vil det komme mykje nedbør, men også mange varmegrader. I helga fortset nedbøren over store delar av landet, mens temperaturen fell litt igjen.   Foto: Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Nyhende

Regnbyene som er venta torsdag er av ein slik styrke at Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på oransje nivå, som er det nest høgaste.