Rundt 1350 passasjerar kom med cruiseskipet Zenith

Nær tusen på busstur

I dag tidleg kom cruiseskipet Zenith til Nordfjordeid med rundt 1350 passasjerar ombord. Der oppunder tusen vil reise med dei 20 turistbussane.

Sjur Nesheim frå Stårheim er ein av bussjåførane som i dag skal ta med seg dei spanske cruisturistane på tur til Briksdalen. Rundt 75 prosent av cruiseturistane på Eid i dag hadde bestilt ein tur på førehand.   Foto: Inger Træen

Nyhende

I dag kom det tredje cruiseskipet til seawalken på Nordfjordeid. Zenith er her for andre gong, då det også var på plass 22. mai.