Framleis søk etter mann i Eidselva

Alle naudetatane har rykka ut etter at ein mann skal ha falle i Eidselva på Nordfjordeid i kveld.

Det er full utrykning frå naudetatane etter at ein mann skal ha falt i Eidselva.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det var klokka 20.24 onsdag kveld AMK-sentralen fekk melding om at ein mann skal ha falle i elva. Dette skal ha skjedd i nærleiken av festivalområdet Malakoff. Naudetatane er no på veg, og redningshelikopter og luftambulanse er også på veg.


Både politi, dykkerar og tre båtar frå brannvesenet, ambulansar, redningshelikopter frå Florø og luftambulanse frå Førde deltek på utrykninga. Det vert no gjort søk etter ein person i elva. Det er førebels ikkje gjort observasjon av ein person, opplyser Vest politidistrikt.

Uhellet vart meldt inn til AMK av nokon yngre personar/barn.

Politiet opplyser at det er ei viss uvisse knytt til om nokon har falle i elva, og at dette blir undersøkt parallelt. Søket pågår som om det er reelt.

SISTE:

Klokka 21.30 opplyser politiet har luftambulansen har avslutta. Mannskap frå Eid Røde Kors er kalla ut. Det er endå ingen observasjonar av eventuelt personar som kan ha falle ut i elva. Det er framleis usikkert om dette er reellt. Ingen er meldt sakna, fortel Vest politidistrikt.