Ein førar meld

Statens vegvesen kontrollerte 19 køyretøy på Kjøs.

Onsdag utførte Statens vegvesen ein kontroll på Kjøs.   Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll av tungtransport, vekt og køyre og kviletid på Kjøs. Til saman 19 køyretøy vart kontrollert under kontrollen, medan 181 køyretøy var inne på kontrollplassen. Ifølgje Statens vegvesen vart ein førar meld for brot på køyre og kviletids regelverket. To førarar fekk også åtvaring for brot på det same regelverket. I tillegg måtte tre førarar rydde i frontruta før dei kunne køyre vidare, og ein førar måtte få på plass merking på køyretøyet. Under kontrollen var det også to førarar som fekk gebyr for mangel på dokument.