UniformPartner Selje

Satsar og byggjer ut i Selje

UniformPartner AS er i full gang med utviding i Selje. Investeringa som no vert gjort har ein prislapp på ni millionar kroner.

Aukar lagerkapasiteten: Avdelingsleiar Geir Årvik ved UniformPartner As avdeling Selje gleder seg over at moderfirmaet satsar på Selje, og byggjer ut lagerkapasiteten. No vert det investert for ni millionar kroner.   Foto: Privat

Nyhende

– Utvidinga skjer no fordi selskapet treng meir lagerplass, og dette har styret konkludert med skal skje i Selje. Det er nok mange grunnar til dette. Det at ein eig huset sjølve he rute, i tillegg til at vi har ein stabil arbeidsstokk, er nok dei viktigaste årsakene, seier avdelingsleiar Geir Årvik.