Over hundre på bygdevandring

Kaffi i tunet: Bygdevandringa hadde siste stopp i tunet til garden Tuftene på Maurstad, der Alfred Maurstad vaks opp. Bryggja var først ute med i alt ti bygdevandringar i nye Stad komune i løpet av sommaren/hausten. Neste ut er Ervik 9. juni og så Barmen 30. juni. alle foto: Oddfrid vereide 

Sosialt: Bygdevandring skal vere eit treffpunkt og ein måte å bli kjent med nye bygder på. 

Ny kunnskap: Bygdevandring skal skape kunnskap om nabobygder. Her frå venstre ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, Kristian Nave, Randi Husevåg og Marit Nore Sørhaug. 

Kvelvingsbru: Maurstad gamle bru var tidlegare viktig på sambandet mellom Nordfjord og Sunnmøre. Under krigen gjekk det mykje tunge bilar over, og brua fekk seg ein knekk. 

Interesse: Folk frå Bryggja og Eid møtte opp på bygdevandringa. Lengst framme Eline og Liss Solheim, og Emma Helen Lunde Maurstad. 

Nyhende

Første bygdevandring i regi av Stad 2020 blei gjennomført på Bryggja i helga, der over 100 var med. Ruta gjekk frå Bryggja skule til gamle-skulen, Maurstad gamle bru, lensmannsgarden, kvernhuset på Maurstad og til slutt garden Tuftene.

På Tuftene fekk deltakarane sjå inn i huset der Alfred Maurstad vaks opp. Der finst det særeigne takmåleriet, «Svarterabben», måla av kunstnar Erling Solheim frå Bryggja.

Guide på turen var Marit Nore Sørhaug, som fortalde historier undervegs. Ved Maurstad gamle bru var det Harald Maurstad som fortalde om brua som blei sett opp på 1800-talet, men ramla ned på 1980-talet, og sett opp att på dugnad i 2000.