Klart for nytt cruiseskip

Etter eit par veker der det ikkje har vore cruiseskip på Nordfjordeid, er det no klart for nytt cruiseskip.

Cruiseskipet Zenith kom til Eid i mai. Onsdag kjem det att.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Onsdag 5. juni kjem cruiseskipet Zenith att til Nordfjordeid. Det same cruiseskipet var også på plass 22. mai, og no kjem det altså igjen.

Zenith er eit cruiseskip som har plass til 1900 passasjerar. Sist gong det var på Nordfjordeid i mai, var det rundt 1400 passasjerar om bord. Eit stort fleirtal av turistane på dette cruiseskipet var den gongen frå Spania.

Cruiseskipa til Nordfjordeid

DatoDagCruiseskipPassasjerarTidKjem frå
5. juniOnsdagZenith190008:00-19:00Bergen
11. juniTysdagZenith190008:00-19:00Hellesylt
12. juniOnsdagAIDAperla435007:00-18:00Ålesund
19. juniOnsdagZenith190008:00-19:00Bergen
3. juliOnsdagAIDAperla435007:00-18:00Ålesund
15. juliMåndagAIDAprima434011:00-21:00Kiel
17. juliOnsdagNorw. Spirit263907:00-18:00Geiranger
23. juliTysdagZenith190011:00-21:00Hellesylt
24. juliOnsdagAIDAperla435007:00-18:00Ålesund
28. juliSøndagAlbatros53618:00-20:00Olden
30. juliTysdagAIDAprima435010:00-20:00Bergen
31. juliOnsdagZenith190008:00-19:00Bergen
14. augustOnsdagAIDAperla435008:00-18:00Flåm
22. augustTorsdagAlbatros53618:00-20:00Olden
28. augustOnsdagZenith190008:00-19:00Bergen
3. septemberTysdagZenith190008:00-19:00Hellesylt
15. septemberSøndagAmera80009:00-18:00Ikkje oppgitt
25. septemberOnsdagAIDAperla435007:00-18:00Ålesund