Høg arbeidsløyse i Selje

I mai var arbeidsløysa i Sogn og Fjordane og Hordaland til saman 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på over 700 personar, samanlikna med mai 2018.

Ifølgje ei pressemelding frå NAV Vestland er det i mai høgst arbeidsløyse i Selje med 4,7 prosent.  Foto: Arkiv

Nyhende

NAV Sogn og Fjordane og NAV Hordaland slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og i ei felles pressemelding kjem det fram at arbeidsløysa i mai i Sogn og Fjordane og Hordaland var på totalt 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på over 700 personar, samanlikna med mai 2018. Ifølgje pressemeldinga gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp med rundt 100 personar, samanlikna med april 2019.

Framleis lågast i landet

Sogn og Fjordane har framleis den lågaste arbeidsløysa i landet, med 1,4 prosent. Medan i Hordaland er arbeidsløysa på 2,2 prosent av arbeidsstyrken, noko som er ein nedgang på 756 personar samanlikna med i fjor.

Høg arbeidsløyse i Selje

Ifølgje pressemeldinga er det i mai høgst arbeidsløyse i Selje med 4,7 prosent. Austrheim og Modalen har begge 3,3 prosent, medan Hornindal, Vik, Balestrand og Gaular har alle mindre enn ein prosent og har færrast ledige i Sogn og Fjordane og Hordaland. Størst nedgang i arbeidsløyse utanfor Bergen er Stord med -84 personar, Os med -60 personar og Askøy med -57 personar. I Bergen kommune er det til saman 3766 ledige, noko som er 260 færre enn i fjor på same tidspunkt.

Det kjem også fram i pressemeldinga at den største nedgangen i dei to fylka er i hovudsak blant menn og yrke som tradisjonelt har overvekt av mannlege arbeidstakarar.