– Manglande vilje på Stortinget kan føre til at klimaomstillinga stoppar opp

Følling etterlyser større klima- og miljøansvar

Fylkesordførar Jenny Følling etterlyste større klima- og miljøansvar frå storting og regjering i talen sin til fylkestinget i dag.

Arkivfoto 

Nyhende

– Fylkespolitikarane har store ambisjonane om å redusere utsleppa – men om vi vil makte det økonomisk, er det store spørsmålet. Vi har sett av 105 mill. per år til å kjøpe universelt utforma og miljøvennlege hurtigbåtruter frå 2022, sa Jenny Følling i talen for det siste junitinget i Sogn og Fjordane fylkesting.

Miljøvenlege transportløysingar var ei av sakene Følling brukte mykje tid på. Følling minna om at det ligg an til å bli tronge økonomiske tider framover, og peika også på at samarbeidsfylket Hordaland har brukt store ressursar på å leggje om til miljøvenlege ferjer. Følling meiner storting og regjering må setje fylkeskommunen i stand til å ta dei rette vala.

– Det kostar å følgje opp nye lovkrav, fornying av fartøy og ny og grøn teknologi. Vi har jobba iherdig opp mot nasjonale myndigheiter for å få dekka kostnadene med omlegging til fossilfri transport, men fekk dessverre inga draghjelp i kommuneproposisjonen for 2020.

– Manglande vilje på Stortinget til å ta miljøkostnadene, kan føre til at klimaomstillinga stoppar opp. Dette er ikkje akseptabelt, sa Følling, og la til at vi ikkje kan la omstillinga gå ut over rutetilbodet til folk, auka bilettprisar eller kutt i dei vidaregåande skulane.

Følling peika på at fylkeskommunen styrkar kompetansen, deltek i utviklingsprosjekt og gjennomfører dialogar med marknadsaktørar for å finne ut kva som er teknisk og økonomisk mogleg når det gjeld miljøvenleg teknologi.

Sogn og Fjordane har òg eit klimasatsprosjekt saman med Hordaland og Trøndelag om infrastruktur for framtidas hurtigbåtar, og gjennomfører dialogmøte med kommunane. Samstundes trengst større draghjelp frå statleg hald for å realisere omstillinga, meiner fylkesordøfraren.

– Noreg har blitt eit rikt land på grunn av store inntekter frå fossil energi. Noko av dette bør gå til å betale for heilt nødvendig omstilling til utsleppsfrie transportløysingar, sa Jenny Følling.