Slutt på rosa, blå og gule rundballar

Dei siste tre åra har sal av blå, rosa og gul rundballeplast gitt pengar til kreftsaka. Men no er det slutt på fargerike rundballar.

Rundballar: Sal av blå, rosa og gul rundballeplast gitt pengar til kreftsaka.   Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Det er Nationen som driv om dei farga rundballane som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Felleskjøpet Agri, plastprodusentane Trioplast og Tama og norske bønder, som har bidratt med 10 kroner kvar per rundballeplastrulle.

Men no er det slutt, opplyser marknads og kommunikasjonssjef Gro Tvedt Anderssen i Felleskjøpet til Nationen. Ho seier at liknande kampanjar ikkje er planlagt, men kan ikkje sjå bort frå at det skjer igjen i framtida.

I 2016 var det 200.000 rosa rundballar på norske jorde og kampanjen drog inn 300.000 kroner til Brystkreftforeininga. Seinare år har plasten hatt andre fargar, og inntektene har gått til Prostatakreftforeningen og Barnekreftforeningen. Til saman har det ved hjelp av farga rundballeplast vorte samla inn over 1 million kroner til kreftsaka.