Eid–Bremanger

Nok ein gong - målkalas av heimelaget

Før kampen mot Eid på Eid Stadion søndag ettermiddag hadde gjestane frå Bremanger slept inn fem mål på sine fem første kampar. Etter møtet med Eid var siffera 13 baklengs.

Dagens mann: Joakim Frislid Vedvik vart av speakerane kåra til dagens spelar. Heilt fortent Joakim spelte ein flott kamp. Her kliner Joakim til og set inn Eid sitt sjuande mål i kampen. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Eid spelte sin første kamp for året på Eid Stadion søndag ettermiddag. Motstandar var Bremanger som starta offensivt, og hadde den første sjansen i kampen, men det vart liksom med det. Eid var totalt overlegne i banespelet, og langt meir effektive enn gjestane frå Bremanger. Sjølv om det var merkbart at dette var den første kampen på naturgras, var ikkje Bremanger nokon motstandar i søndagens oppgjer.