Opna dagsturhytta Sjøglytt på Risnakken i Selje

Ei hytte med sjøutsikt

På dagsturhytta Sjøglytt på Risnakken i Selje kan du slappe av på saueskinn og nyte utsikta over havet. Søndag var det opning med korsong og snorklipping.

Mykje dugnad er gjort i samband med dagsturhytta Sjøglytt i Selje. Plassert rett ovanfor Selje sentrum gjev den høve til både å nyte utsikta, slappe av eller lese i ei av bøkene i hytta.   Foto: Alle foto: privat

I dagsturhytta på Risnakken kan ein både liggje bra og samstundes nyte utsikta til mellom anna øya Selja. 

Mange hadde funne vegen til opninga av dagsturhytta på søndag. 

Koret Frisk bris skapte stemning med vakker song. 

Mange har strikka sitteunderlag og sokkar til dagsturhytta, eller bidrege med saueskinn. 

Nyhende

Som ei av 19 dagsturhytter i Sogn og Fjordane har også Selje kommune fått si hytte. Den ligg plassert på Risnakken rett ovanfor Selje sentrum. Hytta har med rette fått namnet Sjøglytt, då utsikta er mot sjøen, øyer og holmar. Her kan ein faktisk slappe av på sengebrisken med skinn og utsikt vest mot havet.

Snorklipping

Hytta blei opna laurdag med snorklipping av ordførar Stein Robert Osdal. Han brukte stortanga for å markere at Selje har fått dagsturhytte.

På programmet under opningsdagen stod song av koret Frisk Bris, barnas turlag hadde laga rebusløp og hadde med frukt til alle. Medan Sparebanken Sogn og Fjordane hadde med «levande» maskotar som delte ut sjokolade.

Dugnad

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kvar einskild kommune.

I Selje har det vore gjennomført mykje dugnad for å få dagsturhytta på plass. Mange har vore med på skoging, rydding og graving. Grunneigarar har vore villige til å gje frå seg grunn, og mange har strikka pledd og sokkar til bruk i hytta. Eller gjeve saueskinn i gåve.

Siste dagane før opning var det Magnar Osmundsvåg som heiv seg rundt for å få lage ei trapp til scena.

Nynorsk bibliotek

Dagsturhytta er utstyrt med minibibliotek med bøker til bruk på staden. Desse skal stimulere til lesing av nynorsk barnelitteratur.