Ulovleg verkstaddrift

Aksjonar i Nordfjord

Sist veke hadde Statens vegvesen ein aksjon mot ulovleg verkstaddrift rundt om i Nordfjord. Saman med Skatteetaten vart det avdekka trafikkfarleg reparasjonsarbeid på ein bil.

Nordfjord: Statens vegvesen og skatteetaten har hatt aksjonar rundt om i Nordfjord etter tips om at fleire verkstadar ikkje er godkjente. Her er det brukt ein vanleg stålplate som er punkta fast til bilen sin konstruksjon, i staden for ein original karosseridel.   Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Det var i samband med eit tips om at fleire verkstadar i Nordfjord ikkje er godkjente, men som utføre arbeid og reparasjonar som dei ikkje har kompetanse til, at Statens vegvesen gjekk til aksjon. Dette kjem fram i ei pressemelding.

Under aksjonen var fokus på om eigar dreiv i næring og om inntekter er rapportert inn til skattemyndigheitene.

Åtte verkstad

Under aksjonen, besøkte dei totalt åtte verkstad. Fire av dei dreiv ulovleg.

– I eit av tilfella var omfanget stort. Med omsyn til trafikktryggleiken er det viktig at vi slår ned på denne type verksemd. Om ikkje køyretøy og reparasjonar tilfredsstiller eit minimum av tekniske kvalitetar utgjer desse køyretøya ein alvorleg risiko ute på vegen. Godkjenning av bilverkstadar er ein sikkerheit for at køyretøyet blir reparert på ein forsvarleg måte og er trafikksikker ute i trafikken, seier Odd M. Andersen, som leia aksjonen.

Godkjenning

Alle verkstad som skal utføre godkjenningspliktig reparasjonsarbeid må ha godkjenning frå Statens vegvesen. For å få det, må teknisk leiar ha formell utdanning og kompetanse som er i tråd med regelverket. I tillegg må verkstaden ha godkjent både lokale og utstyr.