Lesarinnlegg

Redde det som reddast kan!

-Det for oss i SV heilt sjølvsagt at vi skal stille like strenge miljøkrav i vår fjord som det vert gjort i dei store byane og verdsarvsfjordane, seier Rita Karin Nyland. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

 «Forureining i norske fjordar er eit problem. Vi bør spørje oss sjølve korleis vi let slikt hende, i noko av det vakraste som naturen vår har å by på.»

Ådne Reidar Nes Kleppe frå Stad AP påpeikar i sitt gode innlegg eit spørsmål som burde vore vektlagt langt tidlegare i prosessen med å etablere cruisehamn på Nordfjordeid.

Forureining til luft er berre ein av dei negative konsekvensane ved å ha ei cruisehamn midt i sentrum av bygda. I tillegg kjem forureining til sjø i form av utslepp av ymse slag. Nokre føretek også eksosvasking når dei kjem inn i fjordane, for å sleppe ut mindre røyk. Ikkje alle båtar har buffertank slik at dei kan lagre vaskevatnet til dei kjem utatt på havet. Difor går vaskevatnet frå eksosen ofte i fjorden. I tillegg er det oftast litt olje i kjølevatnet, og ulike kjemikaliar frå utvendig vasking og andre system som blir spylt rett i fjorden.  Korleis dette i framtida vil påverke fjordane våre veit vi svært lite om, men faren for at det kan gå utover både laksebestand og kvaliteten på badevatn etc, er sjølvsagt til stades. Vidare er det ikkje til å kome ifrå at ein har okkupert eit stort friluftsområde i sjøen som vi alle skulle kunne nyte godt av i dei få sommarmånadane vi har her i landet.

Det er svært få som kjem til å nyte godt av cruisesatsinga, økonomisk. Og det verste er at det nettopp er økonomi, eller «mogelegheiter» for å tjene pengar, som er heile motivet bak satsinga. Då vert konsekvensen at miljøet må vike for pengemakta som rår. Grøn næringsutvikling blei dermed berre ei frase på papiret, og miljøtruverdet forsvann i iveren etter å tjene saka til investorar som lovar store pengar til alle.

Takka være Ådne Reidar Nes Kleppe sitt gode innlegg, (samt ei viss sak i NRK Sogn og Fjordane), så hadde ikkje ordførar Alfred Bjørlo anna valg no enn å fremje ei sak for å innføre dei same miljøkrava hjå oss som det som er innført i dei store byane og verdsarvsfjordane. Valkampen er i gong og for å prøve å berge eit lite snev av truverde i miljøpolitikken sin så måtte det kome eit slikt framlegg frå den kanten no. Det er ikkje bra for ein sitjande ordførar når NRK påpeikar at han har snakka mot betre vitande gjennom ei årelang sakshandsaming for å få på plass cruisehamna. Kommunestyret fatta jo vedtak om at cruisekaia måtte være tilrettelagt for landstraum! Alle som har fulgt med i saka veit at ekspert på landstraum, Ragnar Gjørven, påpeika lenge før saka kom til handsaming, at det ikkje fins teknologi for å legge landstraum på ein seawalk. Underteikna tok likevel ein telefon til SFE, tilbake i 2016, og spurte om dei eventuellt kunne levere slik straum, dersom teknologien brått og uventa skulle dukke opp. Det kunne dei ikkje den gong, og det kan dei framleis ikkje. Det vil minimum koste oss 200 millionar kroner å få dette framført til kaia på Nordfjordeid. Så viss ikkje ein relativt rik og gåvmild onkel skulle dukke opp her så forstår alle at landstraum er ein utopi, og bløffen vert sjølvsagt påfallande. Dessutan manglar framleis den tidlegare nemde teknologien….

SV har stemt imot at at det skulle etablerast cruisehamn på Nordfjordeid, og miljøaspektet er hovudgrunnen for dette. Såleis er SV eit parti som har miljøtruverdet i behald.

Når det no likevel blei slik at vi fekk cruisekai på Nordfjordeid så er det for oss i SV heilt sjølvsagt at vi skal stille like strenge miljøkrav i vår fjord som det vert gjort i dei store byane og verdsarvsfjordane. Vi imøteser difor eit slikt vedtak i komande kommunestyremøte i Juni!


 

Vil stille harde miljøkrav

Heiar på Port of Nordfjordeid, men ...