Første cruiseskip på Nordfjordeid

Alle passasjerane gjekk i land

Marknadssjef Eli Førde Aarskog er svært godt nøgd med den vellukka opninga 21. mai av Nordfjordeid som cruisehamn. Ho kan stolt fortelje at 100 prosent av passasjerane gjekk i land.

Nydeleg vêr og ei vakker bygd. Nordfjordeid slo verkeleg an blant cruisepassasjerane på AidaPerla. 

Nyhende

– Eg har aldri høyrt om noko liknande, seier Aarskog som vart svært gledeleg overraska då ho fekk tala frå AidaPerla. På førehand gjekk dei dystraste spådommane ut på at kanskje berre 20 prosent ville gå i land. Dei hadde fått opplyst at det vanlege er eit gjennomsnitt på 50-60 prosent som vel ekskursjon eller å besøke hamna på eiga hand. Sjølv hadde Aarskog håpa på 80 prosent, utifrå alle dei gode tilboda som ein har her.  

Mange gjekk på eiga hand

I går kom altså tala som viser at på Nordfjordeid gjekk 100 prosent av passasjerane i land. 1.000 hadde kjøpt ein ekskursjon med buss i regionen eller prøvde guida opplegg på Nordfjordeid. 2.689 personar valde å gå i land på eiga hand og nyte dagen på Nordfjordeid. 367 av mannskapet tok også turen.  Totalt var altså vel 4.000 personar i land frå skipet denne dagen.

Nordfjordeid på kartet

I ei oppsummering peikar marknadssjefen på at store mengder passasjerar og fornøgde og nyfikne lokale, har tatt vakre bilde og fått spreidd via sosiale medier.

– Tysdag 21. mai kom Nordfjordeid på kartet som aldri før!

–  Presseoppbodet var imponerande og NRK, som hadde heile morgonsendinga si direkte frå kaia, sytte  for ein god reportasje i Dagsrevyen om kvelden.

–  Mange butikkeigarar vart positivt overraska og såg resultat alt frå første CruiseDay.

–  Leiinga på skipet fekk den svære AIDAperla elegant og trygt på plass i hamna der passasjerane lett kom seg til land via seawalken.

Kjem igjen 12. juni

Marknadssjef i Port of Nordfjordeid Eli Førde Aarskog fortel at representantar frå AIDAperla var overraska over kor mange som nytta seg av tilboda på Nordfjordeid og i regionen, og at dei gler seg til neste anløp 12. juni.

Zenith som kom 22. mai er eit mykje mindre skip. 1.000 av 1.250 passasjerar hadde kjøpt seg ein eller annan ekskursjon på land. Blant desse åtte bussar til Nordfjord Folkemuseum på Sandane.