Lesarinnlegg

Miljøkrav til cruiseskipa i fjorden vår!

Ådne Reidar Nes Kleppe  Foto: Privat

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Forureining i norske fjordar er eit problem. Vi bør spørje oss sjølve korleis vi let slikt hende, i noko av det vakraste som naturen vår har å by på. No når Nordfjordeid får besøk av store og små cruiseskip, er det viktig å setje ein standard. Vi må vere tydelege på at Port of Nordfjordeid bør minst ha dei same reglane for utslepp i Nordfjord, som i Flåm og Geiranger.

Cruiseskipa som kjem til den flotte bygda vår er utvilsamt noko flott og spanande som byr på moglegheiter for framtida, men det betyr likevel ikkje at vi skal vere slepphendte på miljøkrava vi stiller, berre fordi vi etablerer oss i denne marknaden.

Vi må stille harde krav, som er rettferdige ovanfor naturen og folket i nye Stad kommune, ein fjord vi er utruleg heldige som får lov til å forvalte. Sjøfartsdirektoratet publiserte den 04.05.2017 ein rapport til Klima- og miljødepartementet med konkrete forslag til tiltak som skal redusere forureining frå cruiseskip og annen skipsfart i norske verdsarvfjordar. Frå 1.03.2019 vart det innført nye miljøkrav for utslepp i luft og sjø i ulike norsk verdsarvfjordar; kvifor skal ikkje vi vere like strenge?

Vi må tenkje globalt, og handle lokalt! Nett som at industri over heile landet og i verda elles vart konfrontert med at ein trong å skape ei meir miljøvennleg næring, var det nok folk som tenkte at dette kunne vere med på å hindre meir industriutbygging, men industrien haldt fram. Det å stille krav til cruiseskipnæringa viser at Port of Nordfjordeid er ein seriøs, progressiv aktør som er på lag med naturen og framtida.

Eg har trua på at ved å skape gode reglar og endringar lokalt, kan vi vere med på å endre ting i det store og heile. På lag med næringane, på lag med folket og på lag med naturen. Eg heier på Port of Nordfjordeid, det er fantastisk at noko så flott er blitt etablert på Nordfjordeid! Det er utvilsamt at det vil føre med seg utruleg mykje flott, både for turistane og innbyggjarane i framtidige Stad kommune! Næring, politikarar og folk flest kan saman få til alt; vi endre verda!