Gjekk i land på seawalken

– Herleg, no er vi i gang

Han sov godt, men var oppe allereie klokka halv fire. Det var ein stor dag for hamnesjef Jostein Mykland då cruiseskipet AIDAperla kom inn fjorden og den mykje omtala seawalken vart køyrt ut.

BESTOD EKSAMEN: Hamnesjef Jostein Mykland kan stolt konstatere at det første skipet er på plass, og at passasjerane strøymde i land på seawalken som fungerte slik han skulle.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Herleg. No er vi i gang. Det har vore mange bitar som skulle på plass for at alt skal fungere. Eg synest det har gått veldig bra, seier ein strålande opplagt Jostein Mykland. Han fortel at det er første gongen AIDAperla går til seawalk. Det er ein stor kunde som er den første til å få testa systemet. Skipet, som denne dagen hadde bortimot 4000 passasjerar, skal vitje Nordfjordeid fem gonger til i sommar.