Nytt cruiseskip på plass

Tysdag var AidaPerla første cruiseskip til Nordfjordeid. Onsdag kom endå eit cruiseskip.

Zenith kom til Nordfjordeid onsdag og var med det cruiseskip nummer to til bygda.   Foto: Olin Maria Yri

Zenith er eit mindre cruiseskip enn AidaPerla som var på Nordfjordeid tysdag.   Foto: Olin Maria Yri

Cruiseturistane om bord på Zenith var ikkje like heldige med vêret som AidaPerla var tysdag.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Etter at det første cruiseskipet kom til Nordfjordeid tysdag, kjem det nye cruiseskip på rekke og rad den neste tida. Onsdag morgon kom cruiseskipet Zenith til Nordfjordeid med rundt 1400 passasjerar. Om bord på dette cruiseskipet er det for det meste spanjolar. 

Neste cruiseskip til Eid vert Artania søndag 26. mai. Deretter kjem Zenith att til Nordfjordeid 5. og 11. juni.

Her er oversikt over cruiseskipa som kjem til Eid