Klassequizen

Eid gjorde ein god figur i finalen

I kveld var det finale i «Klassequizen». Laget frå Eid ungdomsskule var med i den direktesendte finalen.

Elevane på Eid Ungdomsskule sitt lag som var med i finalen i Klassquizen var: Frå venstre: Rebekka Halnes, Ingjerd Sundal og Daniel Navelsaker. Max Endal var reserve på laget.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Eid ungdomsskule kom med i finalen som «lucky looser», altså det laget som hadde best tid blant dei åtte laga som ikkje var direkte kvalifisert.

Eid var heilt i toppen gjennom heile finalen. Før den avgjerande runden der det skulle avgjerast kven tre lag som skulle konkurrere i finaleløypa låg Eid Ungdomsskule på 4. plass av dei ni laga som var med i finalen. Skulle Eid kome heilt til finaleløypa var laget avhengig av at eitt av laga på andre og/eller tredjeplass svarte feil på spørsmål i den siste innleiande runden. Begge laga som låg føre Eid hadde rett svar på alle tre spørsmåla.

I finaleløypa var det eitt lag frå Buskerud og to lag frå Hordaland. Det var laget frå Strandebarm ungdomsskule som hadde raskast tid i finaleløypa, og som kunne ta med seg trofeet heim.

Eid Ungdomsskule kom på 6. plass i årets Klassequiz. Dei tre elevane frå Eid ungdomsskule som deltok i finalen var Daniel Navelsaker, Rebekka Halnes og Ingjerd Sundal. Reserve på laget var Max Endal.  Dette er første gong at eit lag frå Eid er i finalen av kunnskapskonkurransen, og vi gratulerer alle fire på laget med flott innsats.