Ordføraren svarar Sigurd Reksnes:

Må ha misforstått prisane

Eid-ordførar svarar, med hjelp frå Kristin Rødven Eide frå Eid Handel, på spørsmål frå Sigurd Reksnes (Sp) når det gjeld prisar for oppstilling av salsboder under CruiseDay.

– Vi er opptekne av å legge til rette for mest mulig liv og aktivitet i Eidsgata, og at det i samband med Cruise Day skal vere mest mogleg lokal verdiskaping og handel, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Eid kommune har valt å ha eit nært samarbeid med Eid Handel når det gjeld disponering av gategrunn i Eidsgata og på Almenningen både på laurdagar og i samband med større arrangement. Eid Handel har også vore med heile vegen i planlegginga av opplegget for CruiseDay. Det er fordi vi er opptekne av å legge til rette for mest mulig liv og aktivitet i Eidsgata, og at det i samband med Cruise Day skal vere mest mogleg lokal verdiskaping og handel. Eg har difor bedt Eid Handel v/ Kristin Rødven Eide om å kommentere og svare på din e-post, og rette opp misforståingane som kjem fram her, skriv Alfred Bjørlo i sitt svar til Sigurd Reksnes og viser til svaret han har fått frå Eid Handel.


Spørsmål om prisnivå

Fryktar høgt prisnivå ekskluderer

 

Svaret frå Eid Handel

«Her er det nok Sandra Lancee som har misforstått prisane. Der er fire serveringsstandar på Almenningen samt moglegheit for standar i Eidsgata.

På cruiseday kan Frivillige lag og organisasjonar (non-profit) stå gratis som på andre arrangement. For andre er vanleg stand pris er kr 200,- pr. løpemeter + 500 kr påmeldingsavgift (tillegg for straum) i Eidsgata. Det er berre dei fire serveringsstandane på Almenningen som er prissett til kr 4500kr + 500 kr påmeldingsavgift (som på Eidamessa).

Om vi skal ha nokon serveringsstander på Almenningen i det heile er fortsatt usikkert, då vi må ta omsyn til trafikk, gåande og anna som er tilrettelagt under planlegginga av Cruise Day (som no ved første anløp Hesteskokasting). Difor står denne med samme pris som den gjer ellers under Eidamessa. Denne prisen på Almenningen er Serveringsstad med tilgang på straum og vatn (Almenning): kr 4500kr + 500 kr påmeldingsavgift.

Vi har no retta på nettsida www.eidhandel.no slik at det tydlegjer at denne prisen gjeld berre på Almenningen, slik at det ikkje skal bli noko feiltolkningar der.

Sandra har fått beskjed om at prisane på EidHandel.no også gjeld for ho slik som alle andre. Ho har også fått tilbod om å bli medlem av Eid Handel då ho har bedrift og virke her i Eid, og dermed blir med på den store felles dugnaden det er å drive handel i Eid på line med oss som til dagleg driv butikk eller serveringsstad i Eidsgata.  

Vi har eit stort ansvar for butikkane i Eid som opnar dørene sine året rundt og betaler husleige for å få si plassering der dei er. Dette gjeld serveringsstader og restaurantar så vel som andre bedrifter. Det er difor viktig at vi ikkje overfyller gatene med salsboder, men held det på eit triveleg og hensiktsmessig nivå for publikum, tilreisande, butikkeigarar og standane sjølv.

Vi prøver å lytte til butikkane og standane når vi evaluerar prisane og plasseringar samt å tenkje på administrasjonskostnader, som kontakt med bodene, mattilsynet, skatteetaten, søppelhandtering, arbeid med stenging av gata, fakturering, rekneskap og ikkje minst registrering og tilrettelegging av bodene.

Vi veit enno ikkje kva vi går til når det gjeld Cruise Day, og har difor lagt oss på samme prissetting som Eidamessa. Om handelsmassen kan samanliknast med Eidamessa eller om det er meir som ein vanleg laurdag må vi ta omsyn til. Dette er noko vi i Eid Handel må ta ei evaluering på i etterkant av nokre Cruiseanløp.»