Kommunevåpenet for Stad er klart

No har både kommunestyret i Selje og Eid sagt ja til St. Sunniva og fjordhesten som motiv på det nye kommunevåpenet til Stad kommune.

Nytt kommunevåpen: No er det klart at det nye kommunevåpenet for nye Stad kommune vert St.Sunniva og fjordhesten. 

Nyhende

– Det er viktig at vi gjere eit likelydande vedtak som Eid, konstaterte Selje-ordførar Stein Robert Osdal då Selje kommunestyre skulle handsame saka onsdag. Og ettersom også Selje-politikarane er godt fornøgde med motivet vart dette vedtatt tett følgd opp av applaus frå politikarane sjølve.

Dermed er det nye kommunevåpenet for Stad kommune formelt godkjent og vil no bli sendt inn og registrert i Arkivverket.

– Vi vil takke alle som har engasjert seg på vegen fram mot å velje kommunevåpen for nye Stad kommune, og er glade for at vi no har vald eit flott, samlande motiv som har brei oppslutnad blant folk flest. Med dette tek vi med oss viktige historiske tradisjonar inn i den nye kommunen og knyter fortid og framtid saman, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal og Eid-ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.