Eid inviterer til CruiseDay

Her er det som ventar dei første cruiseturistane

Vikingskip og fjordhestar, krut og kanonar! Det blir ei oppleving utanom det vanlege når Nordfjordeid 21. mai ynskjer velkomen 5.000 besøkande frå skipet AIDAperla og alle andre til CruiseDay for aller fyrste gong.

Eid sentrum er klar for fest når det første cruiseskipet kjem til staden tysdag 21. mai. Gjennom dagen blir det program, der vikingskip og fjordhest er nokre av attraksjonane.   Foto: Presse

AIDA Perla har plass til 4350 passasjerar, der rundt ein tredjedel vil reise på utflukter. Det blir altså mange igjen som skal utforske sentrum på den første cruisedagen for Nordfjordeid.  

Nyhende

Tysdag 21. mai blir det liv og aktivitet frå morgon til kveld på Nordfjordeid. Det er snart 30 år sidan det sist var passasjertrafikk på kaia på Nordfjordeid. No tek strandstaden sjøen tilbake, og går inn i ei ny tid der store skip legg til kai på Eid.

AIDAperla er det fyrste skipet som kjem til den nye Seawalk-kaia på Nordfjordeid, i gangavstand til den tradisjonsrike Eidsgata, Sagastad og sentrum elles. AIDAperla er eitt av verdas nyaste og mest miljøvenlege cruiseskip, med over 4.000 passasjerar og eit mannskap på 900.

AIDAperla vil bli helst velkomen med kanonsalutt åtte om morgonen, slik det høver seg ein stad med 400 år gamle militærtradisjonar. Eidsgata vil bli stengd for biltrafikk og gjort til gågate - med uteservering, handel og aktivitetar i gatene, kunstutstillingar og lett tilgjengelege historiske vandringsruter.

Det vil bli fjordhestar som vandrar i gatene og badar i fjorden, barnehageborn som er ute og ser på skipet, opa kyrkje med konsert, tilbod om hesteskokasting og fotografering saman med vaskeekte vikingar. Over 50 butikkar og 13 serveringsstader er også klare for å ta imot gjester. Butikkane vil særskilt marknadsføra lokale produkt med eigen, nylaga logo. Eidsgata har også sitt eige «Julehus», slik at turistar som ynskjer det kan få ein smak av jul på ein varm vårdag. For dei tøffaste blir det mulig å bade i fjorden på den nye badestranda i Sagaparken midt i sentrum.

Den store, nye attraksjonen på Eid i sommar, Sagastad, vil sjølvsagt vere ope for publikum med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon. Det er i samband med Sagastad også laga ei eiga turløype frå kaia gjennom Eidsgata til Sagastad markert med hestesko i gata: The Viking Walk.

Det er i samband med Nordfjordeid sin debut som cruisedestinasjon laga nye sentrumskart, installert gratis WiFi i sentrum, laga til nye vandreløyper i sentrum og ny skilting. Det blir også forsøkt ut eit tilbod med shuttle-buss mellom attraksjonene i sentrum, Norsk Fjordhestsenter og golfbana på Stokkenes.

Alle - både frå fjern og nær - er velkomne til CruiseDay på Nordfjordeid 21. mai! Vi lovar moro for store og små - Eid Inviterer til ein festdag. Vi oppmodar alle som ynskjer det til å flagge for å markere dette fyrste store skipsanløpet til Eid på 30 år. Det blir også eit musikalsk avskjeds-arrangement ved Godsterminalen klokka halv seks med Eid Musikklag i full uniform på kaia.