Spørsmål om prisnivå

Fryktar høgt prisnivå ekskluderer

Sigurd Reksnes, gruppeleiar for Sp si gruppe i Eid kommunestyret, stiller spørsmål til ordførar Alfred Bjørlo om kvifor det vil koste 5000 kroner å ha salsbod i Nordfjordeid Sentrum på cruisedagane, når det vanlegvis kostar 500 kr på ein vanleg laurdag?

Sigurd Reksnes er gruppeleiar for Senterpartiet si gruppe i Eid Kommunestyre.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I spørsmålet til ordføraren viser Sigurd Reksnes til ein prat han hadde med Sandra Lancee, tilflytta frå Nederland, busett på Stårheim, og som i dag driv næring i Eid med verksemda Vaffleriet.

– Du har sikkert sett dei, men det går ut på å selje vaflar frå ei vogn. Ho kunne fortelje at på dei dagane det kjem cruiseskip til Eid så kjem det til å koste 5000 kroner for å stille opp vogna i Nordfjordeid sentrum. Vanlegvis kostar dette 500 kr på ein vanleg laurdag.

– Det å ha høge prisar desse dagane, det vil nok ha ei avvisande effekt på mange som driv med omreisande salsverksemd. Men ein konsekvens av eit slikt prisnivå er at ein også ekskluderer dei som bur og driv næring i Eid, i dette tilfellet ekteparet Lancee og deira verksemd Vaffleriet. Ho seier at det ikkje er økonomisk forsvarleg å betale så mykje for å stille opp vogna, då vil heile omsetninga gå med til å betale for plassen, sriv Reksnes i spørsmålet til ordføraren.

– Eg meiner det er viktig at alle som driv næring og handel i Eid må få moglegheit til å nytte seg av dei positive ringverknadane som cruiseanløpa gjev. Det vert heilt feil at nokre få av dei som er fastbuande og driv næring i Eid ikkje skal få ta del i dette. Eg vil oppmode om at ein finn ei løysing på dette. Etter det eg har sett så er dei ganske ofte på Nordfjordeid med vogna si. Kunne det ha vore ei løysing å ha tilbydd ei ordning til dømes med eit klippekort, eller sesongkort for dei som er i Nordfjordeid ofte?

– Eid kommune har brukt betydeleg med midlar for å ruste opp Eidsgata og Almenningen. Det å legge til rette for torghandel har vore ei målsetting. Eg registrer at mange av dei som driv med torghandel vel andre stader i Nordfjordeid sentrum enn Eidsgata og Almenningen. Kan det ha samanheng med det generelle prisnivået? Mitt spørsmål vert derfor om Eid kommune ønskjer den verksemda i kommunen som Vaffleriet er i kommunen vår , og om kommunen kan finnne ei ordning som gjer at dei som bur og driv denne typen næring i Eid, ikkje vert ekskluderte desse dagane, skriv Sigurd Reksnes som viser til at ein nettopp har hatt kommunestyremøte, og  ber om å få svar på spørsmålet snarast, slik at han slepp å vente heilt til neste møte i kommunestyret.